Frå VEDTEKTENE:
1. DUS – Den unge scenen er eit landsomfattande teaterprosjektet med formål å heve nivået på ungdomsteater i Noreg. Dette skjer ved å få fram profesjonelle sceniske tekstar / konsept av høg kvalitet, skrivne spesielt for ungdom, og som skal framførast av ungdom.
2. Ein prosjektrunde går over to år og dreier seg blant anna om:
- Å bestille og utvikle tekstar og konsept som kan vere eit godt grunnlag for framsyningar.
- Å bygge eit landsdekkande nettverk av institusjonar (samarbeidspartnarar) med tilknytta ungdomsteatergrupper, som blir inviterte til å delta i prosjektrunden.
- Å arrangere kurs og seminar med representantar for gruppene, aktuelle dramatikarar og andre, der den kunstnarlege og organisatoriske gjennomføringa er hovudtema.
- Å arrangere festivalar i alle deltakande regionar, der gruppene møtest og viser sine framsyningar.
- Å arrangere ein nasjonal DUS – festival for kvar prosjektrunde, der utvalde framsyningar frå dei regionale festivalane blir presenterte.
3. Det Norske Teatret er hovudansvarleg institusjon og Rogaland Teater er fast samarbeidspartnar. Andre samarbeidspartnarar kan veksle frå runde til runde. Prosjektet DUS er organisatorisk innordna Det Norske Teatret, men skal vere økonomisk sjølvberande, med eigne midlar frå det offentlege og andre bidragsytarar.
5. Styringsgruppa organiserer prosjektet, tilset prosjektleiar, utarbeider instruks for prosjektleiar og forvaltar prosjektmidlar og eignelutar i samsvar med lover og forskrifter.